Page of Life
Page of Life Studioalbum av Jon and Vangelis | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. august 1991 | |
Innspelt | 1991 | |
Sjanger | Elektronisk musikk | |
Selskap | Arista | |
Jon and Vangelis-kronologi | ||
---|---|---|
The Best of Jon and Vangelis (1984) |
Page of Life | Chronicles (1994)
|
Page of Life er det fjerde studioalbumet til Jon and Vangelis. Det vart spelt inn i 1986 i Aten og Roma, og gjeve ut i 1991 på Arista Records. Så langt er dette det siste studioalbumet deira i lag. Det var først ikkje tilgjengeleg i USA, men vart sidan gjeven ut på ny av Higher Octave med bonussporet «Change We Must», men mangla fire andre songar og hadde nokre andre skilnader.[1]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Allmusic-skribenten Jonathan Widran skildrar songane på Page of Life som «utrulege utstillingsmonter» for synginga til Anderson og instrumenteringa til Vangelis. Tekstane vert skildra som «skarpe samfunnskommentarar».[1]
The Kitchener-Waterloo Record skildrar albumet som «gjennomgåande behageleg».[2]
Sporliste
[endre | endre wikiteksten]All tekst er skriven av Jon Anderson; all musikk er komponert av Vangelis.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Wisdom Chain» | 5:21 |
2. | «Page of Life» | 3:16 |
3. | «Money» | 6:07 |
4. | «Jazzy Box» | 3:14 |
5. | «Garden of Senses» | 6:23 |
6. | «Is It Love» | 4:27 |
7. | «Anyone Can Light A Candle» | 3:46 |
8. | «Be A Good Friend of Mine» | 4:14 |
9. | «Shine For Me» | 4:10 |
10. | «Genevieve» | 3:48 |
11. | «Journey To Ixtlan» | 5:50 |
12. | «Little Guitar» | 1:45 |
Amerikansk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Den alternative amerikanske utgåva kom ut i 1998, og er ikkje godkjend av Vangelis. Denne alternative versjonen er ganske annleis den originale:
- Songen «Change We Must» er lagt til.
- Songane «Jazzy Box», «Is It Love», «Be A Good Friend of Mine» og «Journey to Ixtlan» er ikkje med.
- «Wisdom Chain» finst i ein lengre versjon som er nesten dobbelt så lang som den originale.
- Fleire andre spor har forskjellige miksar, særleg «Garden of Senses» og «Money».
- Sporlista har anna rekkefølgje.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Change We Must» | 6:28 |
2. | «Anyone Can Light A Candle» | 3:43 |
3. | «Page of Life» | 3:17 |
4. | «Money» | 5:45 |
5. | «Little Guitar» | 1:42 |
6. | «Garden of Senses» | 6:42 |
7. | «Genevieve» | 3:45 |
8. | «Shine For Me» | 4:01 |
9. | «Wisdom Chain» | 10:44 |
2013-utgåva
[endre | endre wikiteksten]I 2013 gav Cherry Red Records ut ei remastra utgåve av «Page of Life», i tillegg til fem andre Vangelis-album. Det inneheld dei same songane som 1991-utgåva, med eitt bonusspor i tillegg, «Sing With Your Eyes».
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jon Anderson - Vokal
- Vangelis - Klaverinstrument, synthesizerar, programmering
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Widran, Jonathan. «Page of Life - Jon & Vangelis». Allmusic. Henta 17. mars 2011.
- ↑ «Sounds». Kitchener-Waterloo Record (Kitchener, Ontario). 6. februar 1992. s. C.7. Arkivert frå originalen 29. juni 2011. Henta 9. september 2014.